Norli, - Bergen 1999

Frå Bygdanytt, september 1999:

STERKE BILETE OG GODE BØKER

Karen Melvær har bygd eit bokimperium rundt Torgalmenningen. Samtidig gjorde ho butikkvindauga i butikkane til vakre kunstgalleri, til glede for alle som går forbi. No er arnakvinna Irén Kleiven månadens kunstnar hos Melvær.

Irén Kleiven er frå Dale i sunnfjord. Ho er no busett på Garnes der ho arbeider som spesialpedagog. Kleiven har også utdanna seg innan biletkunst, med toårig kunstutdanning frå Sverige og vidare to år på Kunstskulen i Bergen.

Ho har hatt fleire utstillingar, og denne månaden er dei nyare arbeida hennar å sjå i butikkane til Melvær. Bileta er i klare fargar, materialet er tørr pastell på kartong.

STADIG NYE UTTRYKK Det er alltid spennande å sjå kva Kleiven arbeider med. Stadig vert ein overraska over hennar evne til å fornye uttrykket sitt. Med eitt kjem ho med bilete som er heilt ulike alt det ho har laga tidlegare, samtidig som det er lett å sjå at dette er hennar arbeid. Når eg spør om ho har sett for seg ein bestemt tematikk for utstillinga hos Melvær, tar det litt tid før ho finn svaret. - Det er vanskeleg å setje ord på tankane bak bileta.

Bileta er jo sjølve uttrykket, dei kan ikkje utan vidare omsetjast til ord. Men det forundrar meg at folk så ofte seier dei ikkje kan forstå det dei kallar abstrakte bilete.

Mine bilete er heilt konkrete, dei er det dei er, smiler ho. - Eg trur gjerne folk kjenner seg usikre overfor bilete som ikkje seier dei om kva tolking som er naturleg, seier Kleiven. - Sjølv synest eg det er svært spanande å sjå kor forskjellige tolkingar bileta mine kan romme. Ein kollega som er utdanna agronom, sa ho «likte så godt biletet med dei gulrøtene». Ein annan meinte det same motivet minna om huset til «Lille Rosin». Same kva for tolking ein kjem fram til, er det tilfredsstillande dersom folk kan kople motiva til eigne liv og opplevingar.

SPENNANDE Irén Kleiven er godt nøgd med den forma utstillinga hos Melvær har fått. - Det har vore spennande å sjå bileta mine saman med dei bøkene Melvær har valt ut. Eit bilete eg laga medan eg las «Naiv Super» er no stilt ut med den siste romanen til Erlend Loe, seier Kleiven med eit lurt smil. - Det vil seie, no har dei bytta ut Loes roman med den nyfeministiske boka «Fittstim». Akkurat det har eg hatt mykje moro av å tenke på, seier ho. Og for den som er nyskjerrig på gode bøker og sterke bilete,
er det berre å unne seg ei stund hos Melvær. Der finn du Irén Kleiven, Erlend Loe og gode lenestolar.

Siren Sundland